Forbundet Mot Rusgift
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forbundet Mot Rusgift (FMR) er ein friviljug, rusgiftpolitisk organisasjon som rettar verksemda si inn mot studentar og fagfolk ved universitet og høgskolar. Organisasjonen vart stifta som Norges Studerende Ungdoms Avholdsforbund i 1904, og skifta namn til Forbundet Mot Rusgift i 1973.
FMR arbeider gjennom enkeltmedlemmar, lokallag og sympatisørar, og har engasjert seg sterkast i førebyggande arbeid. Fleire store prosjekt har vore innretta mot å betre russefeiringa, og skape ein mindre alkoholprega studentkultur. I periodar har organisasjonen og engasjert seg i diskusjonen om behandlingsspørsmål og internasjonale rusgiftspørsmål. Organisasjonen sitt viktigaste talerøyr er tidsskriftet Mot Rusgift, som og ligg i fulltekst på FMR si heimeside.
Organisasjonen er medlemsorganisasjon i Actis (rusfeltets samarbeidsorgan), EURAD – Europe Against Drugs, Stiftelsen Helse og Rehabilitering, Populus – Studieforbundet Folkeopplysning, Alkokutt, Aksjonsuka mot narkotika, og ei rekkje andre samarbeidsorgan – og organisasjonar.
FMR skil seg frå dei fleste andre rusgiftpolitiske organisasjonane i Noreg ved ikkje å ha ei kristen, men heller ei sosial og politisk grunngjeving for standpunktet sitt. Forbundsleiar i FMR gjennom dei siste tiåra er Knut T. Reinås.