Framandgjering
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framandgjering er ein prossess som fører til at verda på en uønska måte framstår som framand for mennesket. Mest kjend er kan henda Karl Marx sin teori om framandgjering, som byggjer på ein kritikk av Hegel og dei "unge hegelianarane", serleg Ludwig Feuerbach. Han går ut på at det i moderne industrisamfunn er slik at produktet ein arbeidar produserer vert skilt frå arbeidaren, av di det er kapitalisten som eig produktet og kontrollerer produksjonsprosessen. Produktet framstår difor for arbeidaren som noko "framandt", og som ho eller han ikkje har kontroll over. I og med at det ifølgje Marx er gjennom arbeidet mennesket formar om verda, inneber det at om arbeidet vert framandgjort for arbeidaren, vil også verda verta framandgjord for ho eller han.