Fredrik IX av Danmark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
![]() |
|
Valspråk | Med Gud for Danmark |
Regjeringstid | 1947 - 1972 |
Dronning | Ingrid av Sverige |
Kongehus | Fyrstehuset Schleswig-Holstein- Sonderburg-Glücksburg |
Etterfylgde | Kristian X av Danmark |
Etterfylgjar | Margrethe II av Danmark |
Fødd | 11. mars 1899 |
Fødestad | Sorgenfri Slott |
Død | 14. januar 1972 |
Frederik IX var eldste son av kong Christian X av Danmark og dronning Alexandrine av Danmark. Han var konge av Danmark frå 1947 til 1972.
I 1922 trulova kronprinsen seg med den greske prinsessa Olga, men trulovinga blei heva etter bare nokre månader. 24. mai 1935 gifta han sig i Storkyrkan i Stockholm med prinsesse Ingrid, dotter av kronprins Gustav Adolf og kronprinsesse Margaretha.
Den 16. april 1940, sju dagar etter at landet var blitt okuppert av tyske styrker, fekk kronprinsparet sitt først barn, Margrethe. Den vesle prinsessa blei sett på som eit lyspunkt i ei mørk tid. Under krigen kunne københavnarane ofte sjå kronprinseparet trilla rundt i hovudstaden med barnevogn eller sykkel. Etter kvart fekk dei prinsesse Benedikte den 29. april 1944 og prinsesse Anne-Marie den 30. august 1946.
Til forskjell frå tidlegare kongar valde Frederik IX å gjera karriere i marinen framfor hæren, og i 1945 blei han utnemnd til kontreadmiral. Han elska livet på sjøen, og som ein ekte sjømann hadde han òg tatoveringar. Han og dronning Ingrid vitja nær sagt kvar hamn i Danmark med kongeskipet «Dannebrog», og drog òg til Grønland og Færøyane.
Frederik IX hadde òg ein stor lidenskap for musikk. Han var dirigent for fleire danske og utanlandske orkester, og skal òg ha vore ein dyktig musikar. Han var også glad i å jakta, og haldt mange samlingar ved jakthytta si i Trend.
Kongen døydde den 14. januar 1972 etter kort tids sjukdom, og blei begrava i Roskilde domkyrkje. Med sitt varme og folkelige vesen hadde kongen redusert avstanden mellom kongefamilien og det danske folket.