Frigg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Frigg (fleirtyding)
Frigg (Frigga) er i den norrøne mytologien Odin si kone. Namnet skal tyda den som elskar. Ho har mange likskapar med Frøya, og mange meiner dei to er ei og same gudinne.
Far til Frigg var Fjòrgyn. Han skal vera sjølve jorda.
Saman med Odin fekk ho sønene Balder og Hod. Loke lura den blinde Hod til å skyta ein misteltein på Balder etter at Loke fekk nyss i at mistelteinen var den eneste skapnaden på jorda som kunne skada Balder. Frigg fekk veldig skuldkjensle etter denne hendinga, sidan ho lét vera å be mistelteinen lova å aldri skada Balder.
Frigg var særs ven, og var den mektigaste av gudinnene. Frigg var kjærleiks- og lagnadsgudinne. Ho kjende menneska sin lagnad like godt som Odin sjølv. Ho var gudinne over ekteskapet. Ho har sin egen hall, Fensalir («Myrhallane»). Ho vert ofte forveksla med Frøya. Frigg står for den ekteskaplege kjærleiken og morskjærleiken, medan Frøya står for sensuell kjærleik og fruktbarheit.
Hennar sendebod er åsynja Gna (Gnå), som rir over himmelen på hesten Hovvarpne. Andre åsynjer Frigg vert knytt til er Lin, som vernar alle menneske som Frigg ynskjer å gi verna om. Fulla bærer Frigg si øskje, passar skoa hennar, og kjenner alle hennar løyndomar.
I Snorre si Ynglingesoga kjem det fram at Frigg skal ha vore utru mot Odin. Utruskapen skal ha skjedd med brørne til Odin Ve og Vilje, ei gong Odin var på reise så lenge at dei trudde han var død.
Kjærleiksgudinna Venus i den romerske mytologien svarar til Frigg. Venus gav fredagen namn på latin, Dies veneris, på same vis med Frigg. Frjá tydde kjærleik, og frjádagr er vorte til fredag.
[endre] Ting oppkalla etter Frigg
- Frigg (gassfelt) i Nordsjøen. Det vart utvunne gass frå Friggfeltet frå 1978 til 2004.
- Frigg (kvinnenamn) - Frigg er mellom anna i Danmark nytta som eit kvinnenamn
- Frigg Oslo Fotballklubb