Gjennomstrøymingsmålar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit flowmeter eller ein gjennomstrøymingsmålar er eit instrument for å måla gjennomstrøyming med. Det er ikkje lett å måla gjennomstrøyminga direkte, så ofte vert det brukt andre typar måleinstrument, som gjev ein verdi som gjennomstrøyminga kan reknast ut frå. Desse måleinstrumenta vert då kalla flowmeter.
[endre] Målemetodar
Det finst ulike måleprinsipp og typar av flowmeter:
- Måling av gjennomstrøyming i røyr
- Måling ved hjelp av Bernoulli-prinsippet:
- Måleblender brukar struping for å måla gjennomstrøyminga. Ein får då eit trykkfall som vert større når gjennomstrøyminga aukar. Måleblenda er ei plata som vert montert inni røyret.
- Venturi-røyr er ei innsnevring i røyret, måleprinsippet er det same som for måleblenda.
- Pitotrøyr
- Måling basert på kjent volum:
- Ovalhjulsmålaren har to ovale tannhjul som verkar som ei omvendt pumpa. Ved å telja omdreiingane på det eine tannhjulet kan ein finna gjennomstrøyminga
- Stempeldoseringspumper
- Måling av fart:
- Turbinmålaren måler farten på mediet gjennom ein turbin.
- Anemometer vert brukte til å måla gjennomstrøyming av gassar. Eit varmeelement vert sett inn i røyret. Anten vert straumstyrken halden konstant, og temperaturen målt, eller temperaturen vert halden konstant og straumen målt. Lågare temperatur eller høgare straum indikerar auka gjennomstrøyming.
- Andre måleprinsipp:
- Rotameter er eit loddrett, konisk røyr med ein flytar inni. Mediet går oppover i røyret, og flytaren får meir oppdrift når gjennomstrøyminga er større.
- Ein induktiv gjennomstrøymingsmålar vert berre brukt på væsker. Målaren induserar ei spenning gjennom mediet på tvers av røyret. Denne spenninga vert større når farten på mediet aukar.
- Vortex gjennomstrøymingsmålar er basert på Karman sin vortex-teori. Denne målaren lagar ein kvervel. Frekvensen til kvervelen er proporsjonal med gjennomstrøyminga.
- Massestrøymingsmålaren måler gjennomstrøyminga ved hjelp av corioliskrafta.
- Ein ultralydmålar er ein gjennomstrøymingsmålar basert på ultralyd, denne nyttar dopplereffekten.
- Måling ved hjelp av Bernoulli-prinsippet:
- Måling av gjennomstrøyming i opne renner:
- Venturikanalen går ut på det same prinsippet som venturi-røyret.
[endre] Strøymingsvakt
Ei strøymingsvakt (flow switch) er eit instrument som gjev eit signal når gjennomstrøyminga går over eller under fastsette grenser.
Eit enkelt prinsipp for ei strøymingsvakt er ei plata som står i eit strøymande medium. Når mediet treff plata, vil det verka ei kraft på plata. Denne krafta vert motverka av ei fjør. Når krafta frå straumen vert større enn krafta til fjøra, vil plata flytta seg, og ein brytar vert aktivert.
Ein måleomformar eller eit flowmeter kan ha strøymingsvakta integrert elektronisk.
[endre] Kjelder
- Bjørnar Larsen. Industriell måleteknikk for automatikarfaget. Noreg 1996: Vett & Viten AS. ISBN 82-412-0223-7