Glåmdalen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glåmdalen eller Dagbladet Glåmdalen er ei dagsavis som kjem ut seks dagar i veka i Kongsvinger. Avisa har eit stadfesta nettoopplag på 20 893 (2002). Hovudredaksjonen ligg i Kongsvinger, med distriktskontor i Solør, Skarnes og Nes. Sjefredaktør er Rolf Nordberg (2004).
Glåmdalen dekkjer dei sju Glåmdalskommunane Kongsvinger, Eidskog, Grue, Åsnes, Våler, Nord-Odal og Sør-Odal. Alle desse kommunane ligg i Hedmark fylke. I tillegg kjem Nes kommune i Akershus fylke. Avisa satsar på eit eige ungdomsbilag, pepper, to gonger for veka.