Hedmark fylke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hedmark fylke | ||
![]() |
![]() |
|
Grunnleggjande opplysningar | ||
Administrasjonssenter: | Hamar | |
Flatevidd: | 27 388 km² | |
Folkemengd: | 188 511 (2006) | |
Internettside: | www.hedmark-f.kommune.no/ | |
Politikk | ||
Fylkesordførar: | Siri Austeng (AP) (2003) | |
Fylkesmann: | Sigbjørn Johnsen |
Hedmark er eit norsk fylke som grensar mot Sør-Trøndelag i nord, Oppland i vest og Akershus i sør. I aust grensar Hedmark til svenske Dalarnas län og Värmlands län.
Hedmark fylke er ei administrativ-geografisk eining, der regjeringa sin representant er fylkesmannen. Det vart under namnet Hedemarkens Amt skilt ut frå Oplandenes Amt i 1781. Fylket kan delast opp i landskapa Hedemarken og Solør i tillegg til Østerdalen, Odalen, Vinger og Eidskog.
Fylket har to byar: Hamar og Kongsvinger. I tillegg kallar Elverum seg by etter det generelle høvet tettstadar med minst 5000 innbyggjarar og bymessig folkesetnad kan nytta seg av.
[endre] Geografi og topografi
Over heile fylket finn ein jordbruk, og i enda større grad skogbruk. Barskog dominerer nesten fullstendig. Den eurasiatiske taigaen byrjer i fylket mellom Hamar og Elverum, går vidare til Sysslebäck og Malung i Sverige og held fram til Østersjøen og gjennom Finland og Russland til Stillehavet. Taigaen kjennetegnes av barskog som gran og furu på skogbotn av lyng og mose, med innslag av bjørk og rogn og av og til grasdekte enger.
Det høgaste fjellet i fylket er Rondeslottet på 2178 moh., grensa til Oppland fylke går over denne toppen, akkurat som same grense delar Noregs største innsjø Mjøsa mellom fylka.
Elles ligg det meste av fylket i det som blir kalla lågland, sjølv om den nordlege og nordvestlege delen har fjellområde som Rondane, og den nordaustlege slike som Sylene. Frå Sylene er det høgland store delar av strekningen derfrå og sørover langs svenskegrensa heilt til Finnskogen i Grue og Kongsvinger.
[endre] Historie
Det er funne restar av steinalderbusettingar over nesten hele fylket. Helleristningar av elg er funne ved Mjøsa i Ringsaker.
Det eldste bronsealderfunnet i Noreg er gjort på Nes på Hedemarken. Jernalderfunn er gjort over heile fylket, spesielt mange frå vikingtida. Gravhaugar finst frå bronsealder fram til kristen tid. Solør skal ha vore eit mektig kongerike mellom 300 og 800 i følge Ynglingesagaen .
I Hamar-området utvikla det seg ein byliknande struktur med kaupang på Åker i Vang allereie på 500-talet.
I vikingtida vart dette senteret flytta til den odden i Mjøsa som seinare fekk ei domkyrkje (domkyrkjeodden) i samband med at staden vart bispesete i 1152. Her kan det rundt 1050 ha vore slått mynt.
Svartedauden ramma området hardt, og det var her som ellers i landet ei nedgangstid. Rett før reformasjonen forsvann Hamar som marknad , og ved reformasjonen 1536 forsvann bispesetet.
Fylket har vore råka i samtlege krigane Noreg og Danmark-Noreg har vore med i. Under den andre verdskrigen var det viktige kampar mellom tyskere og nordmenn ved Midtskogen gard og Kongsvinger i april 1940. Tyske fly bomba Elverum i april 1940.
|
|