Hadeland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg avisa Hadeland
Hadeland er eit landskap sørvest i Oppland, aust for den sørlege delen av Randsfjorden. Det omfattar kommunane Lunner, Gran og Jevnaker. Folk frå Hadeland kallast hadelendingar. Regionen har eit aktivt reiseliv. Ny riksveg 35 frå Grua til Gardermoen vart opna hausten 2004.
[endre] Historie
Namnet Hadeland kjem frå haðar (kriger, stridsmann) og har vore nemninga på folket som har vore busett i området. Eldste dokumentasjon av namnet er i form av runer på Dynnasteinen som står på garden Dynna i Gran. Runeinnskrifta er tidsett til ca. 1040.
[endre] Geografi
Elva Vigga renn nordover gjennom Lunner og Gran til Randsfjorden, og desse to kommunane danner Viggadalen, medan Jevnaker vender seg geografisk mot Ringerike.
Hadeland grenser mot Nittedal kommune (Akershus) i sør, Ringerike kommune (Buskerud) i vest, landskapet Toten og Søndre Land kommune i nord, samt Hurdal og Nannestad kommuner (Akershus) i aust.