Buskerud fylke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buskerud fylke | ||
![]() |
![]() |
|
Grunnleggjande opplysningar | ||
Administrasjonssenter: | Drammen | |
Flatevidd: | 14 910 km² | |
Folkemengd: | 245 225 (2006) | |
Internettside: | www.buskerud-f.kommune.no/ | |
Politikk | ||
Fylkesordførar: | Tor Ottar Karlsen (Ap) (2003) | |
Fylkesmann: | Kirsti Kolle Grøndahl |
Buskerud er eit fylke i Midt-Noreg. Det grensar mot Akershus, Oslo, Oppland, Sogn og Fjordane, Hordaland, Telemark og Vestfold. Namnet Buskerud kjem frå garden Biskopsrud i Modum. Fylket blir administrert frå Drammen.
Innhaldsliste |
[endre] Fylkesvåpen
Fylkesvåpenet til Buskerud visar ein ståande blå bjørn på ein sølvfarga bakgrunn. Området hadde tidlegare fleire bjørnestammar. Sidan slutten av 70-åra har ingen bjørn budd fast i Buskerud, men det hender ein omstreifar kjem innom.
Bjørnen er blå for å minna om Blaafarveværket i Modum, og bakgrunnen sølv kjem frå dei gamle sølvgruvene på Kongsberg.
[endre] Anna
- Fylkesblom: Stor nøkkerose
- Fylkesstein: Drammensgranitt
[endre] Kommunar
|
[endre] Geografi
Fylket strekkjer seg frå Hemsedalsfjella og Hardangervidda i nordvest til Hurumlandet ved Oslofjorden i søraust. Store parallelle dalføre med elver går gjennom fylket, frå sørvest Numedal med Numedalslågen, Sigdal med Simoa, Hallingdal med Hallingdalselva og Snarumselva, og Ådal med Begna og Ådalselva.
Det er svært variert natur i fylket, veldyrka lågland, høgfjell og store skogar. 7 % av fylket ligg under 150 moh., 41 % ligg 900 moh. eller høgare. I søraust ved Drammens- og Oslofjorden er det kyststrøk med skog- og landbruksområde. Landskapet hevar seg så gradvis mot vasskiljet i vest og nordvest. Dei fire markerte dalføra fører nordvestover opp mot høgfjellet. Nokre fjellområde er meir enn 1000 moh.
Delar av Hardangervidda nasjonalpark (oppretta 1981) ligg i Buskerud fylke, i Hol og Nore og Uvdal kommunar.
[endre] Klima
Klimaet er for det meste innlandsprega.
[endre] Samfunn
[endre] Demografi
Det er store regionale ulikskapar i folkesetnaden. Meir enn halvparten av dei som bur i fylket bur i dalføret langs Drammenselva i søraust og utover mot Hurumhalvøya. I den sørlege halvdelen ligg dei tre største byane i fylket, Drammen, Kongsberg og Hønefoss.
[endre] Språk
Austlandsdialekt pregar språket i sørlege og austlege delar av fylket, og her vert bokmål brukt som skriftspråk. I nordfylket er det vanleg med fjelldialektar og nynorsk skriftspråk.
[endre] Politikk
Dei 43 representantane i fylkestinget vert samla minst fire gonger i året.
Partifordeling ved valet i 2003:
Parti: | Representanter: |
---|---|
Arbeiderpartiet | 14 |
Høyre | 10 |
Fremskrittspartiet | 8 |
Sosialistisk Venstreparti | 5 |
Senterpartiet | 3 |
Kristelig Folkeparti | 2 |
Venstre | 1 |
[endre] Nasjonalt
Buskerud fylke har ni stortingsmandat. For denne perioden møter desse faste representantane for Buskerud på Stortinget:
Distriktsrepresentantar:
- Thorbjørn Jagland (Ap), Lier
- Sigrun Eng (Ap), Gol
- Lise Christoffersen (Ap), Drammen
- Torgeir Micaelsen(Ap), Drammen
- Ulf Erik Knudsen (FrP), Drammen
- Jørund Henning Rytman (FrP) Drammen
- Trond Helleland (H), Drammen
- Magnar Lund Bergo (SV), Drammen
Utjamningsrepresentant:
[endre] Media
Drammens Tidende dekkjer Drammensområdet, Lågendalsposten Kongsberg og Numedal, Ringerikes Blad Ringerike, medan Hallingdølen dekkjer Hallingdal. NRK har ein redaksjon i fylket som lagar radio- og TV-sendingar. Det er òg ei rekkje mindre lokalradiokanalar rundt omkring i fylket.
[endre] Samferdsle
[endre] Vegar
Europaveg 16 går søraust-nord gjennom Hole via Ringerike og Flå til Nes på ferda si frå Oslo til Londonderry i Nord-Irland, Storbritannia . Europaveg 18 passerar gjennom Lier og Drammen og fortset vidare sørover i Vestfold. E134 startar i Drammen og går vestover i sørfylket til Haugesund via Kongsberg.
[endre] Jarnbane
Drammensbanen kjem inn i fylket gjennom Lieråsen tunnel. I Drammen vert banen delt i Vestfoldbanen som går sørover og Bergens- og Sørlandsbanen. Dei to siste har same trasé nord-vestover til Hokksund, der Sørlandsbanen tek av mot sør-vest til Kongsberg medan Bergensbanen dreg nordover gjennom fylket til Hønefoss og Hallingdal.
|
|
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |