Haifa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haifa hebr. חיפה er ein by, som ligg ved kysten nord i Israel. Byen ligg ved kysten ut mot middelhavet. Innbyggjartalet er nesten 300 000. Byen har vorte kjend som eit godt og viktig døme på toleranse mellom ulike religiøse grupper i regionen.
Av industriområde finst Matamparken, eit av dei største industrielle høgteknologiområda i Israel. Her finst forskingsavdelingar til eit stort tal israelske og internasjonale føretak som Intel, Zoran, Microsoft og Amdocs. Haifa er òg ein universitetsby med Universitetet i Haifa og Technion, Israel sitt institutt for teknologi.
På Karmelfjellet ligg profeten Báb sin heilagdom og den Universelle Rettferda sitt Hus, bahá'íane sitt verdssenter.