Hardangerfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hardangerfjorden er 179 km lang og den tredje lengste fjorden i verda. Han ligg i Hordaland fylke i området kalla Hardanger. Fjorden går frå Husnes og Tysnesøy i vest til Odda lengst inn mot Hardangervidda. Største djupne er på meir enn 800 meter like ved Norheimsund omlag halvveges inn i fjorden. Isbreen Folgefonni ligg på sørsida av Hardangerfjorden. Hardangervidda ligg på nordsida.
Dei enkelte delane av fjorden har eigne namn som Kvinnheradsfjorden, Sildefjorden, Hissfjorden, Ytre Samlafjord, Indre Samlafjord og Utnefjorden. Den 50 km lange Sørfjorden er den lengste sidearma.
Fylgjande herad har kyst mot fjorden: Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Odda, Tysnes, Ullensvang og Ulvik. Hardangerbrua er ei bru som er under planlegging, og skal byggjast fram mot 2011. Planen er at brua skal erstatta ferjesambandet mellom Bruravik og Brimnes.
Produksjon av 40.000 tonn laks og regnbogeaure (2002) gjer Hardangerfjorden til ein av fire store oppdrettsområde i verda.
[endre] Side- og delfjordar
frå vest mot aust
- Innløp
- Husnesfjorden
- Lokksundet
- Onarheimsfjorden
- Storsundet
- Kvinnheradsfjorden
- Øynefjorden
- Bondesundet
- Sildefjorden
- Hissfjorden
- Strandebarmsbukta
- Ytre Samlafjorden
- Indre Samlafjorden
- Utnefjorden
- Granvinfjorden
- Eidfjorden
- Osafjorden
- Ulvikfjorden
- Osafjorden
- Sørfjorden