Helgeland Arbeiderblad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helgeland Arbeiderblad er ei avis i A-pressekonsernet. Avisa vert utgjeven i Mosjøen i Nordland. Ho inngår saman med Rana Blad og TV Nordland i Mediehuset Helgeland. Stadfesta nettoopplag er 9402.[1] Dekningsområdet til avisa er Midt- og Sør-Helgeland, med Mosjøen, Sandnessjøen og Brønnøysund som dei største stadene.
Redaktør er Are Andersen.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Avisa kom ut første gong 31. oktober 1929 under namnet Vefsna Arbeiderblad som organ for Det norske arbeiderparti. Frå august 1930 kom Helgeland Arbeiderblad ut i Sandnessjøen. Desse to avisene vart snart slegne saman, og frå 10. april 1931 kom ho ut under namnet Helgeland Arbeiderblad, hvori opptatt Vefsna Arbeiderblad - med redaktøren frå Vefsna Arbeiderblad, men med Sandnessjøen som utgjevarstad. Allereie i november 1931 vart redaksjonen flytta til Mosjøen.
Den første tida, frå 1929 til 1934 var formannen i Mosjøen arbeiderparti, Halfdan Moe Jacobsen, redaktør for avisa.
[endre] Kjelder:
Kjell Jacobsen (1977): «Fra århundreskiftet til frigjøringsvåren», i Vefsn bygdebok b. III
[endre] På nettet:
[endre] Referanser
- ↑ «Avisenes leser- og opplagstall for 2006» frå Mediebedriftenes Landsforening, publisert 12. februar 2007
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |