Helgelandsdialekt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helgelandsdialekt er gruppa av dialektar vi finn på Helgeland nord for Bindal og sør for Salten og er ein del av dei nordnorske målføra i vestnorsk.
Innhaldsliste |
[endre] Felles kjennemerke
Eit kjenneteikn for helgelandsdialektane er at dei ikkje har apokope av substantiv og enkelte andre ordklassar slik som ein finn det i nordlandsdialektane. Eit anna trekk som har vore lett å merke ved helgelandsdialektane er tjukk l både av l og av rd. Eksempel bò:l for bord. Men tjukk l av rd kan vere på veg ut, sjå målprøver. Stort sett finn ein apokope i infinitiv, unntaka vert nemnt i avsnitta for målmerka for dialektområda.
Andre målmerke er at svake hokjønnsord kan ende på -a og i enkelte dialektar -æ medan svake hankjønnsord ender på -e.
Utanom målmerka som er nemnt over er det store variasjonar i helgelandsdialektane. Det har vore ulike klassifiseringar, ei akseptert inndeling har vore å skilje mellom dialektområda Sørvest-Helgeland, Midt-Helgeland, Rana, Nesna og Meløy. Denne inndelinga vart gjort av Hallfrid Christiansen i Hovedinndelingen av norske dialekter, 1973.
[endre] Målmerke innan dialektområda
[endre] Æ-mål
I vest frå Vega nord til Lurøy har æ-mål med infinitiv som endar på -æ: å le:sæ, å kastæ.
[endre] Sørvest-Helgeland
Vega, Brønnøy, Sømna: Sterke hokjønsord får i bunden form endinga e "døre", svake får endinga å "viså".
[endre] Midt-Helgeland
I Vefsndalføret og på kysten frå Tjøtta til Sør-Dønna. Sterke hokjønsord får i bunden form endinga æ "døræ", svake får endinga o "viso".
[endre] Rana
I bunden form endar hokjønnsord på a: "døra, visa". Rana og delar av Brønnøy har spor av det trøndske jamvektssystemet: å le:sa, men å kast. Nokre svake hankjønnsord vil ha austnorske endingar, til dømes ein ha:ra.
[endre] Meløy
Dialekten i Meløy følgjer ikkje alle målmerka for helgelandsdialekt og det er derfor ikkje feil å klassifisere meløydialekten som eit saltenmål eller noko i mellom i overgangen mellom nordlandsdialekt og helgelandsdialekt. Her skil meløydialekten seg frå andre helgelandsdialektar, observert på slutten av 1970-talet:
- Manglar tjukk l for rd.
- Det personlege pronomen han vert uttala reint hánn til forskjell frå andre helgelandsdialektar som har palatalisering.
- Andre personlege pronomen i eintal: é - mé - dé - sé. Midthelgelandsdialekt har her e:g, mé:g, osb. Blant dei yngste er pronomena truleg sterkt påverka av bymål i dag.
- Adverbet der uttalast dá:r (eller d´æ:r?) medan andre helgelandsdialektar har dé:r.
Elles har meløydialekten (slutten av 1970-talet):
- Tjukk l av lyden l som i stol: stó:l.
- Apokope i infinitiv som i dei fleste nordnorske målføra, til dømes å bygg, å ma:l, å reis, osv. Det finst likevel regelbundne unnatak.
- Apokope i hankjønnsord på -else, til dømes betennels.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Hva er dialekt? Studentarbeid ved Høgskolen i Telemark
- Jektvik, Åse: Artikkel om dialekten i Meløy i Årbok nr 4, Meløy Historielag, 1988, ISBN 82-90412-74-6
- Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg, Høyskoleforlaget, 2005, ISBN 82-7634-683-9
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |