Substantiv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit substantiv er ei nemning for ord frå ein av dei tre mest sentrale ordklassene (dei to andre er verb og adjektiv). Prototypiske substantiv refererer til ting. I norsk definerer vi substantiv som den ordklassa som har leksikalsk genus, dvs. den du kan setje enten ein, ei eller eit føre. Substantiva er skifte i særnamn og samnamn (kalla egennavn og fellesnavn på bokmål). I andre språk har substantiva andre karakteristika, i samisk er t.d. substantiva den ordklassa som kan få possessivsuffiks.
Substantiv vert òg kalla namnord.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |