Hespriholmen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hespriholmen er ein norsk holme, eller ei lita øy. Holmen ligg i Bømlo kommune i Hordaland fylke i Sunnhordland. Holmen ligg 8 kilometer ut i havet vest av Bømlo, nord for Espevær. På Hespriholmen er det restar etter eit steinbrot som har vore brukt i fleire tusen år. Truleg er det henta ut grønstein her heilt sidan steinalderen. Så tidleg som 7300 år før Kristus kan det ha vore steinbrot her. Steinbrotet vart brukt i kring 5500 år, heilt fram til om lag 1800 år før Kristus. Steinalderfolket reiste ut i små båtar. Mange tusen økser vart laga av grønstein frå Hespriholmen.