Holmgang
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg fjernsynsprogrammet Holmgang
Holmgang var ei form for tvekamp brukt i norrøn tid som gjekk føre seg på ein holme, eit skjær eller ein annan avgrensa stad. Dei to som stod mot kvarandre slost til første blodsdråpe eller til døden. Ein kunne òg overgjeva seg, men dette blei rekna som eit tap av ære.
Tvekampforma er nemnd fleire gonger i sagalitteraturen. Holmgang blei avskaffa som dom etter at kristendommen blei innført i Noreg i mellomalderen.
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |