Ibsenprisen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ibsenprisen er ein pris til fremje av norsk dramatikk. Prisen vert administrert av Skien kommune, og har vore delt ut årleg sidan 1986.
Prisen kan delast ut årleg til ein norsk dramatikar som det siste året har fått oppført eit nytt verk for barn eller vaksne ved eit profesjonelt sceneteater, radioteater eller fjernsynsteater, eller for eit samla dramatisk forfattarskap. Prisen vert delt ut i Skien på fødedagen til Henrik Ibsen, 20. mars. Prisen er frå 2005 på 150 000 kroner som er stilt til disposisjon av Forsikringsselskapet Vital A/S og frå Skien kommune ein Ibsenstatuett laga av bilethoggaren Nina Sundby.
I juryen sit det 5 medlemmer, ein kvar frå desse organisasjonane:
- Kritikerlaget for teater, musikk og ballett
- Norsk Dramaturgforum
- Norsk Sceneintruktørforening
- Norsk Teaterleder-Forening
- Skien kommune v/ Teater Ibsen
[endre] Prisvinnarar
- 1986 - Arne Skouen for samla dramatisk forfattarskap.
- 1987 - Peder Cappelen for Eufemianatten.
- 1988 - Odd Selmer for På egne ben.
- 1989 - Julian Garner for Svarte Okser.
- 1990 - Edvard Rønning for Himmelplaneten.
- 1991 - Marit Tusvik for Mugg.
- 1992 - Bjørg Vik for Møte i Venezia.
- 1993 - Norvald Tveit for samla dramatisk forfattarskap.
- 1994 - Eva Sevaldson for Framtida er avlyst.
- 1995 - Terje Nordby for Isblomst.
- 1996 - Jon Fosse for Namnet.
- 1997 - Jesper Halle for Dagenes lys.
- 1998 - Petter S. Rosenlund for En umulig gut.
- 1999 - Cecilie Løveid for Østerrike og samla dramatisk forfattarskap.
- 2000 - Tor Åge Bringsværd for samla dramatisk forfattarskap.
- 2001 - Nina Valsø for Ubuden gjest.
- 2002 - Niels Fredrik Dahl for Som Torden.
- 2003 - Wetle Holtan for De som lever.
- 2004 - Per Schreiner for Den brysomme mannen.
- 2005 - Maria Tryti Vennerød for Dama i luka
- 2006 - Liv Heløe og Finn Iunker