Skien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
![]() |
![]() |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0806 |
Fylke: | Telemark |
Administrasjonssenter: | Skien |
Flatevidd: | 778 km² |
Folketal: | 50 761 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.skien.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Rolf Erling Andersen (Ap) 2003-2007 |
Skien er ein kommune, administrasjonssenter og største by i Telemark fylke. Kommunen grensar til Sauherad og Kongsberg i nord , Siljan i aust, Porsgrunn og Bamble i sør, og til Drangedal og Nome i vest. Byen er ein av dei eldste byane i Noreg, og har røter attende til år 900.
Skien er den tiande største byen i Noreg. Kommunen har ei flatevidd på 778 km², der om lag 479 km² er skogareal, 46 km² jordbruksareal og 57 km² ferskvatn. Dei 197 km² som er igjen er byområde, bustadområde og industriområde.
Det eldste bygget i kommunen er Gjerpen kyrkje, bygd før 1150. Det høgaste punktet er Skårrafjellet, 814 moh.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Skien voks fram der fallet frå Hjellevannet hindra vidare skipsfart oppetter Skienselva. Det tidlegaste dokumentet som visar byprivilegier er frå 1358. Utbygging av industri tok til på 1500-talet, med gruvedrift i Glasergruva, Fossum Jernverk og sagbruk som nytta fossefallet. Tømmerfløyting på elva kom i gang på 1600-talet, og Skien vart eksporthamn for tømmer og plank og importhamn for korn. Landhevinga og utviklinga i skipsfarten hadde etter kvart gjort byen vanskeleg å nå med handelsskip, og ladestadene Porsgrunn, Brevik og Langesund voks fram på 1600-talet. Utover 1700-talet gjekk det attende med Skien medan ladestadene voks. Byen fekk ny framgang som industriby, kommunikasjonsknutepunkt og administrasjonssenter i fylket. I 1873 vart Union Bruk etablert. Norsjø–Skienkanalen vart bygd i perioden 1854–1861, Bandak-Norsjøkanalen vart opna i 1892. Skien fekk jernbanesamband via Vestfoldbanen i 1882 og Bratsbergbanen i 1917.
Ei rad store brannar har herja byen opp gjennom åra, i 1652, 1671, 1681, 1732, 1766, 1777 og sist i 1886, vart store delar av byen lagt i oske. Gateplanen i sentrum vart fastlagt etter brannen i 1886.
I 1964 vart Skien by slegen saman med herada Solum og Gjerpen og Valebø krins av Nome til storkommunen Skien. Kommunegrensene har lege fast etter ei mindre grenseregulering mot Porsgrunn i 1968.
[endre] Tilknytte Skien
Henrik Ibsen vart fødd i Skien i 1828 og budde i Skiensområdet til han var 16 år. Den store diktaren har gjeve namn kulturhuset i byen, Ibsenhuset.
Odds Ballklubb er ein av dei eldste fotballklubbane i landet, stifta i 1894.
[endre] Kjende personar frå Skien
- Henrik Ibsen (1828-1906), forfattar og dramatikar
- Hjalmar Johansen (1867-1913) polfarar og idrettsmann
- Tor Åge Bringsværd (f. 1939), forfattar
[endre] Skienssongen
La sangen nu seg svinge i toners flukt mot sky,
begeistret skal den klinge til ære for vår by.
Ja, Skien vil vi hedre i toner og i ord,
den er fra våre fedre, for oss en arv så stor.
Heile Skienssongen i tekst og lyd.
[endre] Verdt å sjå
- Lekeland i Skien
- Ibsenhuset
- Telemarkskanalen
- Brekkeparken
- Telemark museum
[endre] Bydelar
- Gjerpen
- Falkum
- Borgestad
- Hyni
- Gulset
- Strømdal
- Solum
- Skotfoss
- Gimsøy
- Klyve
- Nenset
- Tollnes
- Menstad
- Mælum
- Kilebygda
[endre] Venskapsbyar
[endre] På verdsveven
|