Imperativ
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Imperativ er eit grammatisk trekk i kategorien modus. Imperativ uttrykkjer befaling eller oppfordring. I mange språk er imperativ uttrykt ved verbstammen, jf. norsk kom!. Som personbøygd kategori har imperativ eit defekt paradigme, utan første person eintal (vi befalar ikkje oss sjølv noko). Første person fleirtal er derimot ikkje uvanleg, tydinga blir då la oss kome. Jf. finsk.
- 2. person eintal: tule
- 3. person eintal: tulkoon
- 1. person fleirtal: tulkaamme
- 2. person fleirtal: tulkaa
- 3. person fleirtal: tulkoot
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |