Inger
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inger er eit kvinnenamn med nordisk opphav. Det viser opphavleg til guden Ing, og er truleg avleia av Ingjerd eller Ingrid.
Namnedagen til Inger er 26. februar, i Sverige 9. oktober.
[endre] Bruk av namnet
Inger var lite vanleg i Noreg før 1900, men bruken vaks og nådde ein topp i 1940-åra. Sidan avtok bruken igjen, og talet på jentebarn som får namnet Inger er no under 1880-nivået.
I 2004 var det 35 644 kvinner i Noreg med Inger som førenamn, i 2005 hadde talet sokke til 35 300. I 2003 var det om lag 80 000 personar i Sverige med Inger som førenamn og av dei om lag 44 000 som hadde det som tiltalenamn.
[endre] Kjende namneberarar
- Inger Alfvén, svensk forfattar
- Inger Bråtveit, norsk forfattar og journalist
- Inger Davidsson, svensk partisekretær hjå Kristdemokraterna
- Inger Hagerup, norsk forfattar
- Inger Elisabeth Hansen, norsk forfattar og omsetjar
- Inger Lise Rypdal, norsk musikar
- Inger Wahlöö, svensk forfattar og journalist
[endre] På verdsveven
- Internasjonal namnestatistikk for Inger på behindthename.com
- Søk etter norsk namnestatistikk for Inger hjå Statistisk Sentralbyrå
- engelsk definisjon av Inger hjå Hyperdictionary