Ingrid
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingrid eller Ingri er norrøne kvinnenamn. Fyrste delen av namnet kjem frå guden Ing, som kan ha vore den same som Frøy. Andre delen, -rid, tyder vakker eller elska .
Ingrid har vore eit mykje brukt namn i Noreg i lang tid. Det var eitt av dei ti mest gjevne namna frå 1907 til 1931, og kom inn på denne lista igjen i 1991. I 1997 var det det mest gjevne norske jentenamnet. Det er i dag rundt 24 800 som heiter Ingrid (SSB 2006).
Ingrid har namnedag den 10. februar i Noreg og den 9. oktober i Sverige.
Namna Inga og Inger kan vera avleia av Ingrid.
[endre] Kjende namneberarar
- Ingrid Alexandra av Noreg (f. 2004), norsk tronarving
- Ingrid av Danmark (1915-2004), dansk dronning
- Ingrid Ylva (d. 1250 el. 1251), mor til Birger Jarl
- Ingrid Becker (f. 1942), tysk friidrettsutøvar
- Ingrid Bergman (1915-1982), svensk skodespelar
- Íngrid Betancourt (f. 1952), colombiansk politikar og kidnappingsoffer
- Ingri Egeberg (f. 1951), norsk kunstnar
- Ingrid Fiskaa (f. 1977), norsk politikar og SU-leiar
- Ingrid Espelid Hovig (f. 1924), norsk fjernsynskokk
- Ingrid Heggø (f. 1961), norsk stortingsrepresentant
- Ingrid Jonker (1933-1965), sørafrikansk diktar
- Ingrid Kristiansen (f. 1956), norsk langdistanseløpar
- Ingrid van Lubek (f. 1971), nederlandsk friidrettsutøvar
- Ingrid Newkirk (f. 1949), britisk dyrerettsaktivist (PETA)
- Ingrid Jangaard Ousland (f. 1932), norsk kunstnar
- Ingrid Pitt (f. 1937), polsk-amerikansk skodespelar
- Ingrid Storholmen (f. 1976), norsk forfattar
- Ingrid Thulin (1926-2004), svensk skodespelar
- Ingrid Vang Nyman (1916–1959), dansk illustratør
[endre] Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Ingrid hjå Statistisk Sentralbyrå
[endre] Kjelder
- «Ingrid» på svensk Wikipedia
- SSB
- Søk i engelsk Wikipedia