Isabel Allende
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isabel Allende (fødd 2. august 1942) er ein chilensk forfattar. Ho vart fødd i Lima i Peru som dotter av diplomaten Tomás Allende, som var bror av den seinare presidenten i Chile, Salvador Allende. I 1945 vart foreldra hennar separerte, og mora flytta til Chilemed dei tre ungane sine, der dei budde til 1953.
Seinare flytta familien til Bolivia, og deretter til Libanon. I Bolivia gjekk Allende på ein amerikansk privatskule, og i Libanon på ein britisk privatskule i Beirut. Ho returnerte til Chile i 1958 for å gjere ferdig gymnasiet, og møtte der den framtidige ektemannen sin, Miguel Frías, som ho gifta seg med i 1962.
Frå 1959 til 1965 arbeidde Allende ved FN sin mat- og landbruksorganisasjon i Santiago, seinare i Brussel i Belgia og andre stader i Europa. Dottera hennar, Paula vart fødd i 1963. I 1966 returnerte Allende til Chile, og sonen hennar, Nicolás vart fødd der same år.
Ho tilhøyrde redaksjonen i magasinet «Paula» frå 1967, og frå 1973 til 1974 barnemagasinet «Mampato». Ho publiserte to barnehistorier, La abuela Panchita og Lauchas y Lauchones, samt ei artikkelsamling som vart kalla Civilice a su troglodita. Ho arbeidde òg i chilensk fjernsynsproduksjon for kanalane 7 og 13.
I 1973 hadde skodespelet til Allende, El embajador premiere i Santiago. Same år (11. september) vart onkelen hennar styrta og drepen i eit valdelig kupp leia av Augusto Pinochet. I 1975 drog Allende i eksil i Venezuela. Der arbeidde ho for avisa «El Nacional» i Caracas og som gymnaslærar.
I 1981 vart ho kjend med at bestefar hennar, som var 99 år gammal, låg på dødsleiet sitt. Ho byrja å skrive eit brev til han som seinare utvikla seg til romanen La casa de los espíritus (Åndenes hus). Boka var ein enorm suksess og vart filmatisert av Bille August i 1993.
[endre] Bibliografi
- La casa de los espíritus (1982, på norsk Åndenes hus, 1984)
- La gorda de porcelana (1984)
- De amor y de sombra (1984, på norsk Om kjærlighet og skygge, 1986)
- Eva Luna (1987, på norsk 1988)
- Cuentos de Eva Luna (1989, på norsk Eva Luna forteller, 1990)
- El plan infinito (1991, på norsk Den endeløse planen, 1992)
- Paula (1994, på norsk 1995)
- Afrodita (1997, på norsk Afrodite. Fortellinger, oppskrifter og andre afrodisiaka, 1998)
- Hija de la fortuna (1999, på norsk En lykkens datter, 1999).
- Retrato en sepia (2000, på norsk Aurora - et portrett i sepia, 2001).
- La ciudad de las bestias (2002, på norsk De ville guders by, 2002).
- Mi país inventado (2003, på norsk Mitt oppdiktede land, 2004)
- El Reino del Dragón de Oro (2003, på norsk Gulldragens rike, 2004)
- El Bosque de los Pigmeos (2004, på norsk Pygmeenes skog, 2005)
- El Zorro (2005, på norsk Zorro, 2005)
- Inés del alma mía (2006, på norsk Inés, jeg elsker deg!, 2006)