Isfjord radio
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isfjord radio er ein nedlagt norsk radiostasjon på Svalbard. Han er plassert heilt ytterst i Isfjorden, på Kapp Linné. Nå er stasjonen automatisert og fjernstyrt frå Svalbard radio. Bygga som hører til radiostasjonen blir om vintrane nytta til overnatting for turistar. Sommarstid er han for det meste ikkje i bruk, bortsett frå enkelte mastergradskurs i regi av UNIS. Stasjonen får strøm frå ein dieseldrivi generator.
Stasjonen blei oppretta før krigen etter spørsmål frå Sovjetunionen, av di at vanskelege is- og vêrforhold konstant skapte problem for skipsfarta til gruvebyane i Isfjorden. Eit sovjetisk skipsforlis var den utslagsgivande faktoren, og ein bemanna radistasjon med eit fyr var på plass i trettiåra. Da Svalbard blei evakuert i 1941 blei bygga rive/brent ned. Rett etter at krigen var over blei radiostasjonen gjenoppbygd på same plass som før. I det geofysiske året 1957 58 blei stasjonen utvida med eit nytt hovudbygg og nytt generatorrom.
Etter Svalbard fikk fiberoptisk kabelforbindelse til fastlandet har Isfjord radio utspelt rolla si, men kan koma til å bli opprettholdt som ein reserveløysing i tilfelle kabelen skulle bli sett ut av drift. Telenor selde i 2006 bygga til reiseselskapet Spitsbergen Travel som skal bruke stasjonen til turisme.