Isfjorden på Svalbard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isfjorden er ein fjord på vestsida av Spitsbergen på Svalbard. Rundt fjorden ligg fleire av dei nåverande og tidlegare busette områda på Svalbard: Barentsburg, Longyearbyen og dei nedlagte Pyramiden, Colesbukta og Grumant. Ytterst i fjorden, på sørsida, ligg den nedlagte radiostasjonen Isfjord radio. Fjorden er 107 km lang og er den nest lengste fjorden på Svalbard etter Wijdefjorden.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |