Jakob Sande
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakob Sande (1. desember 1906–16. mars 1967) var ein norsk forfattar og visesongar. Han vart fødd i Dale i Sunnfjord i Fjaler kommune. Han debuterte i 1929 med diktsamlinga Svarte næter.
Jakob Sande henta det meste av stoffet frå sjømannslivet og livet i vestlandsbygdene.
Sande avla Cand. Philol.-eksamen i 1931, og reiste deretter til sjøs. I 1934 vart han lektor i Fredrikstad, og etter andre verdskrigen arbeidde han som lektor i Oslo.
Sande sine dikt vekslar mellom burlesk og til tider grotesk humor (f.eks. i «Kallen og katten» og «Likfunn») til sterkt kjensleladde dikt som «Fløytelåt» og «Vesle Daniel». Han har og skrive seg inn i salmebøker med «Det lyser i stille grender» og «Salme».
Til minne om Jakob Sande vart det i 2001 avdekt ei statue av Vesle Daniel i Dale i Sunnfjord. I tillegg finn vi ei byste av diktaren framfor Fjaler Ungdomsskule.
Mange av Jakob Sande sine dikt er blitt til kjende og kjære songar. Både Aftenlandet og Jubelhornet har vore med å gjere Jakob Sande sine dikt kjende gjennom musikken.
2006 er 100-årsjubileum til Jakob Sande, og det blir feira gjennom heile året. For meir detaljer, og øvrige informasjon om Jakob Sande kan du sjå Jakob Sande Selskapet sine nettsider.
[endre] Verk
- 1929 - Svarte næter (Gyldendal, Oslo)
- 1931 - Storm frå vest (Gyldendal, Oslo)
- 1933 - Frå Sunnfjord til Rio (Gyldendal, Oslo)
- 1935 - Straumar i djupet (Gyldendal, Oslo)
- 1936 - Villskog (Gyldendal, Oslo)
- 1943 - Eit herrens vêr (Tell, Oslo)
- 1945 - Guten og grenda (Gyldendal, Oslo)
- 1946 - Skarlagensnora (Gyldendal, Oslo)
- 1950 - Korn og klunger (Gyldendal, Oslo)
- 1955 - Sirius (Gyldendal, Oslo)
- 1958 - Forteljingar (Gyldendal, Oslo)
- 1958 - Skreddarsveinen og andre viser (Gyldendal, Oslo)
- 1961 - Det kveldar på Kobbeskjer (Gyldendal, Oslo)
- 1964 - Noveller i samling (Gyldendal, Oslo)
- 1992 - Sjømannen Jakob Sande : brev og dikt (Samlaget, Oslo)
[endre] Verk (post mortum)
- 2006 - Gåsa, katten og hanen (Skald forlag, Leikanger)