Jean-Claude Juncker
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-Claude Juncker, fødd 9. desember 1954 i Redange, er ein luxembourgsk politikar, og statsminister i Luxembourg sidan 20. januar 1995. Han leiar det kristendemokratiske partiet Chrëschtlech Sozial Vollekspartei (Det kristlegsosiale folkepartiet). Han tok over som statsminister då forgjengaren Jacques Santer vart president for EU-kommisjonen i 1995. Han vart gjenvald ved parlamentsvala i 1999 og 2004. Ved sist val fekk partiet hans 36,1 % av røystene. Han har regjert i koalisjon med det sosialdemokratiske partiet Lëtzebuerger Sozialistesch Aarbechterpartei (Det luxembourgske sosialistiske arbeidarpartiet) sidan 2004. Det same partiet var koalisjonspartnar før 1999. Mellom 1999 og 2004 regjerte han i koalisjon med det liberale partiet Demokratesch Partei (Det demokratiske partiet).
Føregjengar: Jacques Santer |
Statsminister i Luxembourg (1995–)
|
Etterfylgjar: |