Johan Herman Wessel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Herman Wessel (6. oktober 1742–29. desember 1785) var ein norsk forfattar. Wessel skreiv dikt med mykje kritikk mot samfunnet, og mange ser på han som 1700-talets store norske diktar.
Han vart fødd i Jonsned, i nærleiken av Vestby i Akershus fylke, som son til ein prest. Etter nokre år på katedralskulen i Christiania flytta han i 1761, 19 år gamal, til København for å studera. Der vart han med i Det norske litterære selskab, ei samling norske studentar i København. Wessel tok aldri avsluttande eksamen ved universitetet i København. I staden blei han omsetjar og forfattar.
Innhaldsliste |
[endre] Diktinga hans
Johan Herman Wessel utmerka seg tidleg framfor dei andre i Det norske selskab. Han gjorde sin debut med Kierlighed uden Strømper i 1772. Skodespelet er ein parodi på dei store tragiske skodespela og ein satire over sosiale konvensjonar.
Både han og dei fleste i Det norske selskab likte å laga små vers, spesielt gravskrifter. I Digterens gravskrift over sig selv viser Wessel at livet ikkje alltid er ein leik. Wessel var ein nokså sørgmodig person med triste auger og ein spinkel, liten kropp.
[endre] Smeden og Bageren
I mange av dei verka han har skrive, har Wessel laga ei humoristisk ramme rundt eit alvorleg tema. Det mest kjende diktet hans, Smeden og Bageren, handlar først og fremst om loven si makt og den gløymde fornufta.
[endre] Digterens gravskrift over sig selv
- Han aad og drak, var aldrig glad
- Hans Støvlehæle gik han skæve.
- Han ingen Ting bestille gad.
- Til sidst han gad ej heller leve.