Johann Friedrich Struensee
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johann Friedrich Struensee (5. august 1737–28. april 1772) var ein dansk lege og politikar fødd i Halle i Tyskland. Han var livlege for kong Kristian VII av Danmark-Norge frå 1769. Han opparbeidde seg mykje makt innan statsstyringa av Danmark-Norge.
I byrjinga av 1770 vart Struensee utnemnd til kabinettsekretær for dronning Caroline Mathilde og lærar for kong Kristian. Han slutta å arbeida som lege, og vart i staden politikar. Struensee vart elskaren til den 19-årige dronninga. I september 1770 fekk Struensee utmanøvrert utanriksminister J.H.E. Bernstorff. Høvet var at Bernstorff hadde send to orlogsskip for å straffa algierske piratar. Straffe-ekspedisjonen enda som ei katastrofe. I desember gjekk kongen med på å oppløysa statsrådet og innføra eit kabinettstyre med Struensee i rolla som kongens einaste minister.
Sommaren 1771 utnemnde Struensee seg sjølv til geheimekabinettsminister og kunne gje ut kabinettsvedtak på eiga hand. Kongen vart sjukare av sin sinnssjukdom, og Struensee si makt vart i røynda uavgrensa. Struensee skunda seg å gjennomføra ei rad reformar i styringsverket. Tilsetting i offentlege stillingar skulle vart gjort avhengig berre av kvalifikasjoner. Byråkratiet i staten vart forenkla, og godseigarane si makt vart avgrensa. Skule- og helsevesenet skulle forbetrast. Bruk av tortur innan rettsstellet var forbode. Forordningane kom i stri straum, nær 2000 i den tida han hadde makta. Heilt i tråd med ideane i opplysingstida vart sensuren avskaffa og trykkefridom innførd. Trykkefridomen vart raskt utnytta til å gje ut skrifter med framstilling av Struensee sitt tilhøve til den unge dronninga.
Dei mange reformene møtte motstand og skaffa Struensee mange fiendar. Høvet vart nytta til å utnemna seg sjølv og venen Enevold Brandt til lensgrever. Den 7. juli 1771 fekk Caroline Mathilde ei dotter, prinsesse Louise Augusta. Ho vart "lyst i kuld og køn", ved at kongen erklærte seg som faren. Den allminnelege meininga var, at Struensee i røynda var faren. Under Struensee sitt styre vart det i 1771 gjennomført ei forordning om at alle hus i større danske byar skulle utstyrast med påmalte gatenummer. Ei anna forordning var festdagsreduksjonen, der ei rad kyrkjelege festdagar vart tekne vekk.
Natta til 17. januar 1772 vart Struensee og Brandt arrestert og fengsla i Kastellet. Dei vart klaga for maktmisbruk og for tilhøvet til dronninga. Brandt skulle ved fleire høve ha prylt kongen. Båe to vart kjend skuldige i majestetsfornærming, kongen skreiv under dødsdomar. Den 28. april vart Struensee avretta ved halshogging.