Jon Lilletun
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Lilletun (23. oktober 1945–21. august 2006) var ein norsk politikar som representerte Kristeleg Folkeparti, der han òg var nestleiar i 12 år. Han vart fødd i tidlegare Vossestrand kommune, no innlemma i Voss.
Før han vart heiltidspolitikar arbeidde han mellom anna som handelsmann, kommunal ungdomskonsulent, kultursjef og tiltakskonsulent. Han var vararepresentant på Stortinget i tida 1981–1985, og vart innvald frå Vest-Agder fylke i 1989. Lilletun var Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister i Sentrumsregjeringa frå 1997 til 2000. Han var gjennom fleire av sine stortingsperiodar KrF sin representant i kyrkje- og undervisingskomiteen, der han var leiar frå 1993 til 1997.
Då Kjell Magne Bondevik danna si andre regjering i 2001, samarbeidsregjeringa, gjekk Lilletun inn som parlamentarisk leiar for KrF på Stortinget, ei stilling han hadde til han vart sjukmeld i 2005.
Etter stortingsvalet i 2005 vart Lilletun KrF sin representant i presidentskapet på Stortinget, som visepresident i Lagtinget. Lilletun tok etter valet hausten 2005 fatt på si fjerde periode som stortingsrepresentant for KrF innvald frå Vest-Agder.
Våren 2005 gjekk han ut i permisjon på gunn av sjukdom, og Sigmund Kroslid møtte.
Innhaldsliste |
[endre] Regjering
- 17. oktober 1997–17. mars 2000 statsråd Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i regjeringa Bondevik I.
[endre] Stortingets presidentskap
[endre] Stortingskomitear
- 2005–2006 medlem av Utanrikskomiteen.
- 2001–2005 medlem av Utanrikskomiteen.
- 2001–2005 medlem av Den utvida utanrikskomiteen.
- 2001–2005 medlem av Valgkomiteen.
- 1997–2001 medlem av Næringskomiteen fra 22. mars 1990.
- 1993–1997 leder av Kirke-, utdannings- og forskingskomiteen.
- 1993–1997 varamedlem av Den utvida utanrikskomiteen.
- 1989–1993 medlem av Kyrkje- og undervisingskomiteen fra 8. november 1990.
- 1989–1993 medlem av Kommunal- og miljøvernkomiteen til 8. november 1990.
- 1989–1993 varamedlem av Kontrollkomiteen.