Regjeringa Bondevik I
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell Magne Bondevik si fyrste regjering var ei regjering som styrde Noreg frå 17. oktober 1997 til 3. mars 2000. Regjeringa var ei mindretalsregjering og ei koalisjonsregjering, eit samarbeid mellom dei politiske partia Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre som hadde 42 av 165 representantar på Stortinget. Regjeringa vart gjerne kalla Sentrumsregjeringa, av di det var sentrumspartia eller mellompartia i norsk politikk som samarbeidde.
Sentrumsregjeringa kom til makta etter Stortingsvalet 1997. Dei tre sentrumspartia gjekk til val på å skipa regjering saman etter valet. Eit samarbeid med Høgre, som desse partia hadde vore i regjering med før, vart gjort vanskeleg av politisk usemje om saker som EU og miljøvern. Statsminister Thorbjørn Jagland sa før valet at han ville gå av dersom oppslutninga om Arbeidarpartiet vart mindre enn ved Stortingsvalet 1993. Då dette skjedde, og Jagland gjekk av, fekk Kjell Magne Bondevik i oppdrag å skipa regjering basert på sentrumssamarbeidet.
Regjeringa var den fyrste i norsk historie som gjekk av etter at den hadde møtt sterk motstand i Stortinget på ei miljøsak; gasskraftsaka. Statens Forurensingstilsyn (SFT) hadde stilt strenge utsleppskrav til planlagde nye gasskraftverk. Opposisjonspartia, Arbeidarpartiet og Høgre kravde at regjeringa skulle lempa på desse utsleppskrava. Bondevik stilte kabinettspørsmål og vart nedstemt i Stortinget.
Desse sat i den første Bondevik-regjeringa:
- Statsminister - Kjell Magne Bondevik (KrF)
- Utanriksminister - Knut Vollebæk (KrF)
- Bistandsminister - Hilde Frafjord Johnson (KrF)
- Finansminister - Gudmund Restad (Sp)
- Forsvarsminister
- Dag Jostein Fjærvoll (KrF) (17. oktober 1997 - 15. mars 1999)
- Eldbjørg Løwer (V) (15. mars 1999 - 17. mars 2000)
- Fiskeriminister
- Peter Angelsen (Sp) (17. oktober 1997 - 21. januar 2000)
- Lars Peder Brekk (Sp) (21. januar 2000 - 17. mars 2000)
- Sosialminister - Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)
- Helseminister - Dagfinn Høybråten (KrF)
- Samferdselsesminister
- Odd Einar Dørum (V) (17. oktober 1997 - 15. mars 1999)
- Dag Jostein Fjærvoll (KrF) (15. mars 1999 - 17. mars 2000)
- Planleggings- og samordningsminister - Ragnhild Queseth Haarstad (Sp) (17. oktober 1997 - 31. desember 1997)
- Kommunal- og regionalminister
- Ragnhild Queseth Haarstad (Sp) (1. januar 1998 - 16. mars 1999)
- Odd Roger Enoksen (Sp) (16. mars 1999 - 17. mars 2000)
- Nærings- og handelsminister - Lars Sponheim (V)
- Olje- og energiminister
- Marit Arnstad (Sp) (17. oktober 1997 - 26. mars 1998)
- Anne Enger Lahnstein (Sp) (26. mars 1998 - 28. august 1998)
- Marit Arnstad (Sp) (28. august 1998 - 17. mars 2000)
- Justisminister
- Aud Inger Aure (KrF) (17. oktober 1997 - 15. mars 1999)
- Odd Einar Dørum (V) (15. mars 1999 - 17. mars 2000)
- Kommunal- og arbeidsminister - Ragnhild Queseth Haarstad (Sp) (17. oktober 1997 - 31. desember 1997)
- Arbeids- og administrasjonsminister
- Eldbjørg Løwer (V) (1. januar 1998 - 15. mars 1999)
- Laila Dåvøy (KrF) (15. mars 1999 - 17. mars 2000)
- Barne- og familieminister - Valgjerd Svarstad Haugland (KrF)
- Landbruksminister - Kåre Gjønnes (KrF)
- Miljøvernminister - Guro Fjellanger (V)
- Kyrkje- utdannings- og forskningsminister - Jon Lilletun (KrF)
- Kulturminister
- Anne Enger Lahnstein (Sp) (17. oktober 1997 - 8. oktober 1999)
- Åslaug Marie Haga (Sp) (8. oktober 1999 - 17. mars 2000)
Føregjengar: Regjeringa Jagland |
Norske regjeringar |
Etterfylgjar: Regjeringa Stoltenberg I |