Jostein Gaarder
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jostein Gaarder (fødd 8. august 1952) er ein norsk forfattar.
Han vart fødd i Oslo, og studerte skandinaviske språk og teologi ved Universitetet i Oslo. Før han byrja på si forfattarkarriere underviste han i filosofi ei kort stund. Tema frå dette faget har seinare gått igjen i fleire av bøkene hans.
Hans best kjende verk er romanen Sofies verden. Romanen er omsett til 54 språk og utgjeve i meir enn 20 millionar eksemplar.
Gaarder vart i 2005 utnemnd til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.
[endre] Verkliste
- Diagnosen og andre noveller (1986)
- Froskeslottet (1988)
- Kabalmysteriet (1990)
- Sofies verden (1991)
- Julemysteriet (1992)
- I et speil, i en gåte (1993)
- Hallo? Er det noen her? (1996)
- Vita Brevis (1996)
- Maya (1999)
- Sirkusdirektørens datter (2001)
- Appelsinpiken (2004)
- Sjakk matt (2006)
[endre] På verdsveven
- josteingaarder.net (wikinettstad)