Kafé
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kafé er ein offentleg og sosial møteplass i skjæringssonen mellom ein restaurant og ein bar. Som det framgår av navnet, er slike stader gjerne nært knytte til servering av kaffi, men også andre typar mat og drikke. Dette er òg opphavet til kaféane, som vart populære samlingsstader i Europa på 1600-talet, nettopp ved introduksjonen av kaffi.
[endre] Historikk
Den tidlegaste kjelda ein har om kaféar er frå Mekka på slutten av 1400-talet. Ein veit òg at to kafear opna i Konstantinopel i år 1554. Dei eldste kjeldene på at det fanst kaféar i Venezia er frå 1685. Den mest kjende, Café Florian opna i 1720 i Venezia og finst endå.
[endre] Sjå òg
- Kaffibar
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |