Venezia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Venezia (tysk, dansk, svensk og historisk norsk namn Venedig) er ein italiensk by som ligg inst i Adriaterhavet. Venezia er kjent for dei mange kanalane sine, arkitekturen sin og historia si.
Nokre av de mest kjende landemerka i Venezia er Dogepalasset, Sukka si bru og Markusplassen.
Under svartedauen vart innbyggjarane i Venezia, relativt sett, lite plaga. Leiarane i byen innførte strenge reglar for karantenetid før ein fekk koma inn i byen. Ordet karantene kjem frå italiensk og tyder 40 dagar (it.quarantèna), karantenetida til Venezia.
Byen høyrde til Austerrike fram til 1866, da Austerrike tapa den austerriksk-preussiske krigen. Preussen hadde lova Venezia til Kongeriket Sardinia.
[endre] Sjå òg
- Døden i Venedig
- Venezia-biennalen
[endre] Peikar ut
- Venezia kommune sin offisielle nettstad (italiensk)
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |