Karin Fossum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karin Fossum (fødd 6. november 1954 i Sandefjord) er ein norsk forfattar. Jentenamnet hennar var Karin Mathisen, og dei fyrste bøkene hennar er skrivne under det namnet. Ho er mest kjend som krimforfattar, og krimbøkene hennar er omsette til fleire språk.
Ho debuterte i 1974 med diktsamlinga Kanskje i morgen, som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for.
Karin Fossums kjente kriminalromanar har etterforskaren Konrad Sejer i hovudrolla. Til no er det kome seks romanar om sakene han løyser; Evas øye (1995), Se deg ikke tilbake! (1996), Den som frykter ulven (1997), Djevelen holder lyset (1998), Elskede Poona (2000) og Svarte sekunder (2002). Ho fikk Brageprisen for Elskede Poona, og alle desse romanane har vorte filmatiserte.
I tillegg til dei suksessfulle krimbøkene har Fossum skrive novellesamlingane I et annet lys (1992) og Søylen (1994), og romanane De gales hus (1999), Jonas Eckel (2002) og Natt til 4. november (2003). De gales hus er ein roman frå innsida av ein psykiatrisk institusjon, medan Jonas Eckel handlar om ein litt spesiell mann og det litt spesielle forhaldet han har til ei kvinne. Natt til 4. november handlar om eit foreldrepar som må leve i uvisse når dottera brått forsvinn.
Innhaldsliste |
[endre] Prisar
- 1974 – Tarjei Vesaas' debutantpris for Kanskje i morgen.
- 1996 – Rivertonprisen for Se deg ikke tilbake.
- 1997 – Glassnøkkelen for Den som frykter ulven.
- 1997 – Bokhandlarprisen for Den som frykter ulven.
- 2000 – Brageprisen for Elskede Poona.
- 2002 – Svenska Deckarakademin kåra Svarte sekunder til årets beste kriminalroman omsett til svensk.
- 2003 – Cappelenprisen.
[endre] Bøker
- 1974 – Kanskje i morgen – diktsamling
- 1978 – Med ansiktet i skyggen – diktsamling
- 1992 – I et annet lys – novellesamling
- 1994 – Søylen – novellesamling
- 1995 – Evas øye – kriminalroman
- 1996 – Se deg ikke tilbake! – kriminalroman
- 1997 – Den som frykter ulven – kriminalroman
- 1998 – Djevelen holder lyset – kriminalroman
- 1999 – De gales hus – roman
- 2000 – Elskede Poona – kriminalroman
- 2002 – Svarte sekunder – kriminalroman
- 2002 – Jonas Eckel – roman
- 2003 – Natt til fjerde november – roman
- 2004 – Drapet på Harriet Krohn – kriminalroman
- 2004 – Noveller i utvalg – novellesamling
- 2006 – Brudd – roman
[endre] Filmatiseringar av Karin Fossums bøker
- Evas øye – spelefilm for kino. Regissør: Berit Nesheim. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.
- Se deg ikke tilbake – fjernsynsserie. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.
- Djevelen holder lyset – fjernsynsserie. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.
- Elskede Poona – fjernsynsserie. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.
- Den som frykter ulven – spelefilm for kino. Regissør: Erich Hörtnagl. Konrad Sejer spelt av Lars Bom.
- Svarte sekunder – fjernsynsserie under arbeid. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.
[endre] Lenkjer ut
- Aftenposten si forfattarside om Karin Fossum.
- Dagbladet si forfattarside om Karin Fossum.
- Cappelen si forfattarside om Karin Fossum.
[endre] Kjelder
- Forfattarside hjå Cappelen
- Karin Fossum henta frå Bokmålswikipedia 5. juni 2005.