Kaura fyrstasjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaura fyrstasjon er eit ledfyr som ligg på ein holme ved innlaupet til Brandsfjorden i Kaurafjorden i Roan kommune i Sør-Trøndelag fylke. Fyrtårnet er eit 22 m høgt støypejarnstårn med steinsokkel. Rett ved tårnet ligg eit betongnaust med støypt bru ut til landinga.
Kaura fyrstasjon vart byggd i 1931 som det nest siste manna fyret i Noreg. Stasjonen vart automatisert og avfolka i 1959. I bustaddelen er mange av dei originale detaljane intakt.
Fyrstasjonen er i dag eigd av Staten ved Kystdirektoratet og er freda etter lov om kulturminne.
Kaura ligg på 64°14'N 10°08'E.