Kiev oblast
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kiev oblast (ukrainsk Київська область) er ein provins (oblast) i den nordlege delen av Ukraina. Oblastet har ei flatevidd på 28 100 km² og kring 1,8 millionar innbyggjarar (2004). Administrasjonen har sete i byen Kiev, sjølv om Kiev er ei sjølvstendig administrativ eining. I oblastet er det 25 kommunar (rajon). Dei største elvene er Dnepr, Ros og Pripjat.
Tsjernobyl ligg i den nordlege delen av oblastet. Som ei etterverknad av Tsjernobylulukka ved atomkraftverket der er mykje av dei nordlege områda radioaktivt forureina.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |