Ukraina
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Volia, Zlahoda, Dobro (ukrainsk: Fritt, samla, godt) | |||||
Offisielle språk | Ukrainsk | ||||
Hovudstad | Kiev | ||||
Styresett |
Republikk Viktor Jusjtsjenko Viktor Janukovytsj |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
603 700 km² (44.) Ubetydeleg |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
47 425 336 (25.) — 79/km² (92.) |
||||
Sjølvstende |
Frå Sovjetunionen 24. august 1991 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
339 676 mill. USD (27.) 7 182 USD (83.) |
||||
Valuta | Hryvnia (Utt: Grivna) Ikkje konvertibel |
||||
Tidssone | UTC +2 | ||||
Nasjonalsong | Sjtsje ne vmerla Ukrainy ni slava ni volia | ||||
Nasjonaldag | 24. august | ||||
Internasjonal telefonkode | +380 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ua | ||||
Ukraina er eit land i aust-europa som grenser til Russland i aust, Kviterussland i nord og Polen, Slovakia, Ungarn, Romania og Moldova i vest.
Ordet Ukraina kjem av eit slavisk ord for «på grensa» «nær grensa» Tidligare var det vanleg å nytte nemninga «Veslerussland» om Ukraina, medan det eigentlige Russland vart nemnt som «Storrussland».
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Kievriket blei danna på 800-talet av varjagane, ein skandinavisk stamme som opphavleg kom frå Sverige. Det blei kristna i 988 av misjonærar frå Bysants. Det blei invadert av mongolar på 1200-talet og blei deretter eit lydrike i Polen-Litauen. Dagens Ukraina var den sørlege delen av dette riket. På 1600-talet gjorde kosakkar frå bondeklassen opprør, men Russland tok over store delar av landet ved slutten av hundreåret.
[endre] Politikk
Ukraina er ein demokratisk republikk der lovgivande, utøvande og dømmande makt er skilde. Presidenten nominerar statsministeren. Parlamentet, Verkhovna Rada, må så stadfeste dette valet.
Etter lausrivinga frå Sovjetunionen i 1991 har politikken i Ukraina fortsatt vore dominert av omfattande statleg/byråkratisk kontroll. Landet er prega av omfattande korrupsjon, noko som staten til nå ikkje har tatt tak i.
[endre] Regionar
Ukraina er delt inn i 24 regionar (oblasti, eintal oblast ), 1 autonom republikk (avtonomna respublika ) på Krim, og 2 større byar (mista, eintal misto ) med eigen status, markert med ein *:
Tsjerkasy, Tsjernihiv, Tsjernivtsi, Dnipropetrovsk, Donetsk, Ivano-Frankivsk, Kharkiv, Kherson, Khmelnytskyj, Kirovohrad, Kiev *, Kyiv oblast, republikken Krim, Luhansk, Lviv, Mykolajiv, Odessa, Poltava, Rivne, Sevastopol *, Sumy, Ternopil, Vinnytsia, Volyn, Zakarpattja, Zaporizjzja, Zjytomyr
[endre] Geografi
Det ukrainske landskapet er mestedels flatt fruktbart sletteland og enkelte platå som er delt opp av elvar, slik som Dnjepr, Donets, Dnister og Bug som renn sørover og ender opp i Svartehavet eller det mindre Azovhavet. I sørvest danner Donaudeltaet grensa mot Romania. Dei einaste fjellområda i landet er Karpatane i vest, der høgste fjellet er Hora Hoverla på 2061 m., og fjella på Krimhalvøya heilt sør på Svartehavskysten.
[endre] Klima
Ukraina har for det meste eit kontinentalklima og temperaturforhold som gjev gode vekstvilkår for korn. Sjølv i Kiev, som ligg heilt i nord, har ein normal maksiumumstemperatur på 22ºC eller høgare gjennom heile sommaren. Ukraina får vanlegvis nok regn- og torebyger om sommaren til at jordbruket får nok vatn, men tørke kan av og til vere eit problem. Sola er sjeldan langt borte om sommaren, og både våren og hausten får ein del sol med færre byger enn på sommarstid. I november set vinteren inn, og snødekket ligg vanlegvis på bakken i månadsvis. Ein kan ha kortare mildvêrsperiodar med temperaturar over 0ºC, men òg kuldeperiodar med temperaturar godt under -20ºC.
Krim, som strekk seg ut i Svartehavet i sør, er omlag 5ºC varmare om vinteren, men òg her kan ein ha lange periodar med snø. Sommaren er òg litt varmare her enn i Kiev, og kysten heilt sør, inkludert Jalta, har eit tilnærma middelhavsklima. Her er det meir kjøleg enn kaldt om vinteren, men med litt meir nedbør enn resten av Krimhalvøya. Snø er derimot sjeldan. Om sommaren kan vêret vere nokså trykkande, og temperaturane held seg stort sett mellom 20ºC og 27ºC gjennom døgeret.
Dei sørvestlege områda av Ukraina, med blant anna Odessa, ligg i le for Karpatane i vest og har forholdsvis tørre forhold. Vestavinden kan her avløyse den iskalde nordaustlege vinden frå Russland om vinteren, og temperaturane kan variere ein god del frå dag til dag.