Kjell Askildsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell Askildsen (f. 30. september 1929) er ein norsk forfattar frå Mandal.
Askildsen er ein av Noregs mest respekterte novelleforfattarar. Han har gitt ut nokre romanar også, men det er i fyrste hand novellene han er kjend for. Kjell Askildsen har også omsett utanlandsk litteratur til norsk, til dømes Eugene O'Neill, George Tabori og Samuel Beckett.
Det går gjerne fleire år mellom kvar utgjeving frå Askildsen, som sjølv har sag at han arbeider mykje med å finslipa tekstane til bare det aller mest naudsynlege står att.
[endre] Bibliografi
- 1953 Heretter følger jeg deg helt hjem - Noveller
- 1955 Herr Leonhard Leonhard - Roman
- 1957 Davids bror - Roman
- 1966 Kulisser - Roman
- 1969 Omgivelser - Roman
- 1974 Kjære, kjære Oluf - Roman
- 1976 Hverdag - Roman
- 1982 Ingenting for ingenting - Noveller
- 1983 Thomas F´s siste nedtegnelser til almenheten - Noveller
- 1987 En plutselig frigjørende tanke - Noveller
- 1991 Et stort øde landskap - Noveller
- 1996 Hundene i Tessaloniki - Noveller
- 1999 Samlede noveller - Noveller
[endre] Omsett til andre språk
Bøkene til Kjell Askildsen har vorte omsette til mellom anna tysk, fransk, spansk, engelsk, islandsk, svensk, dansk, finsk, estisk, tsjekkisk, rumensk og russisk.