KNM «Hitra»
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

KNM «Hitra», Ex USN SC-718, er eitt av tre farty Den Kongelege Norske Marinen fekk av USA i 1943. Dei var opphavleg konstruerte som kystubåtjagarar, og det vart konstruert over 900 båtar av denne typen. Det var etter kvart fleire land som mottok slike farty. Noreg nytta dei i organisasjonen Shetlandsbussen. Det var den norske spesialavdelinga Shetlandsgjengen som stod bak den illegale trafikken mellom Vestlandet og Shetland.
KNM «Hitra» er den einaste av alle fartya i sitt slag som finst i opphavleg versjon og det einaste gjenlevande fartyet som vart nytta av Den Kongelege Norske Marinen under andre verdskrigen. Skipet tilhøyrer formelt Marinemuseet, men er stasjonert på Haakonsvern Orlogsstasjon i Bergen. Det er i dag eit museum og seglar langs kysten av Noreg i sommarmånadane.
[endre] Fakta
- Dimensjonar: 111 fot 6 3/4 tommar x 18 fot 8 tommar x 6 fot.
- Deplasement (vekt): 125 tonn (daudvekt)
- Byggjematerial: Pitchpine (kanadisk furu) på eikespant.
- Maskineri:
- Til 1999: 2 stk. 16 sylindra diesel stjernemotorar på 1250 HK med vertikalståande veivaksel, type GM Detroit.
- Frå 1999: 2 stk. MTU 8V 183 TE 72 kvar på 550 HK
- Fart: Maksimum 22 knop (i dag går skipet med 15 knop som maksimums- og marsjfart).
- Rekkjevidd: 2500 nautiske mil med 10 knop
- Mannskap: 23 - 25 mann (i dag 10 mann til saman)
- Bestyrking:
- 1 stk. 6 punder (57 mm)
- Hotchkiss MK VII sjømålskanon.
- 1 stk. Bofors L/60, 40 mm luftvernkanon.
- 2 x 2 stk. 20 mm Oerlicon maskinkanoner.
- 2 stk. 0.5’’ (12,7 mm) vasskjølte Colt mitraljøser.
Den fyrstnemnde kanonen manglar i dag.