Knud Knudsen (1832–1915)
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knud Knudsen (3. januar 1832-21. mai 1915) var ein norsk fotograf fødd i Odda.
Knudsen arbeidde som fotograf i Bergen frå 1862 til om lag 1900, men reiste mykje kringom i Noreg. Etter kvart vart han vidgjeten som natur- og landskapsfotograf, og tok mange bilete retta mot ein turistmarknad. Universitetsbiblioteket i Bergen har ei stor fotosamling etter fotostudioet til Knudsen. Store delar av fotosamlinga er gjort tilgjengeleg for søk og gjennomsyn på internett. Det er òg laga til utstillingar etter tema.
[endre] På verdsveven
- Knudsenbildesamlinga ved Universitetsbiblioteket i Bergen
- Fotoregistrene - Register over norske fotografer og samlinger
[endre] Litteratur
- Susanne Bonge: Eldre Norske Fotografer; Fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920, Bergen 1980 ISBN 8271300148