Kommunikasjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kommunikasjon er utveksling av opplysningar, vanlegvis gjennom eit sams symbolsystem (t.d. eit språk). Omgrepet kan òg visa til samferdsle.
[endre] Menneskeleg kommunikasjon
Kommunikasjon kjem frå det latinske communicare, som tyder å gjere felles. Menneske kommuniserer for å utveksla kunnskap, røynsler og kjensler. Vanlege uttrykk er teiknspråk, talespråk, skriftspråk, rørsler og kringkasting. Den ikkje-verbale kommunikasjonen kan vi dele inn i auditiv og visuell kommunikasjon. Også pausen, eller stilla, har ein funksjon i kommunikasjon.
Kommunikasjon har også eit makt- og kontrollaspekt, og er ein reiskap for å både styre andre og meistre eigen livssituasjon. Kommunikasjon skaper felleskap og identitet.
[endre] Dyrekommunikasjon
Mange dyreslag kommuniserer òg med kvarandre ved hjelp av lyd, lukt og kroppspråk. Kvalar brukar til dømes kvalsong over store avstandar, hundar sender ut og mottek lukteinntrykk, og honningbier «dansar» kvar dei andre biene kan finna nektar.
[endre] Bakgrunnsstoff
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |