Konføderasjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konføderasjon er eit slag føderasjon der delstatane er lausare knytte til kvarandre, og delstatane har høve til å melda seg ut av staten. Ein kan hevda at Sveits i prinsippet var ein konføderasjon fram til borgarkrigen i 1847, men han var tydelegvis ikkje funksjonell sidan delstatane som ville bryta med moderlandet, vart haldne att med vald. Sambandsstatane var opphavleg ein konføderasjon, men vart ein føderasjon ved ratifikasjonen av den amerikanske grunnlova. I dag er kan henda Canada det næraste me har ein konføderasjon, i og med at det kan verka som Quebec får lov til å melda seg ut av landet, om so dei ynskjer. Elles meiner sume at den europeiske unionen kan kallast noko slag konføderasjon.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |