Sveits
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ein for alle og alle for ein | |||||
Offisielle språk | Tysk, fransk, italiensk, retoromansk | ||||
Hovudstad | Bern | ||||
Styresett |
Forbundsrepublikk Micheline Calmy-Rey |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
41 290 km² (136.) 3,7 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
7 489 370 (92.) — 181/km² (44.) |
||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
Frå det Tysk-romerske riket 1. august 1291 24. oktober 1648 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
241 265 mill. USD (36.) 33 168 USD (8.) |
||||
Valuta | Sveitisk franc (CHF) | ||||
Tidssone | UTC +1 | ||||
Nasjonalsong | Schweizerpsalm | ||||
Nasjonaldag | 1. august | ||||
Internasjonal telefonkode | +41 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ch | ||||
Det sveitsiske eidssambandet, kortnamn Sveits, er eit land i Europa. Landet grensar mot Tyskland i nord, Frankrike i vest, Italia og Austerrike i sør og Liechtenstein i aust. Sveits er eit land med mange språk. Slik er det òg mange namn på landet. På tysk språk er namnet Schweizerische Eidgenossenschaft, (fransk Confédération suisse, italiensk Confederazione Svizzera, retoromansk Confederaziun svizra og på Latin Confoederatio Helvetica). Namnet Schweiz kjem av ei høgtyske form av namnet på kantonen Schwyz, etter kvart vart namnet nytta på heile eidssambandet Sveits.
Innhaldsliste |
[endre] Klima
Alpane i den sørlege halvdelen av Sveits har alt og seie for klimaet her. Nordsida av Alpane er ofte utsett for dei same kuldebølgjene ein har i Sør-Tyskland, medan sørsida ofte kan få mild middelhavsluft og forholdvis fine temperaturar. Nordsida har som regel meir regn eller snø, og mindre sol enn den sørvendte sida som har meir sol og mindre, men ofte meir intense byger. Alpane er eit mekka for skisportinteresserte, og vinterlågtrykk frå både Middelhavet og Atlanterhavet kan gje store mengder snø i desse fjellområda.
Det kaldaste området i Sveits ligg derimot ikkje i Alpane men i La Brévine (som òg vert kalla det sveitsiske Sibir), lengst nordvest i landet i ein av dalane rundt Jurafjella på grensa til Frankrike. Her samlar det seg opp kaldluft om vinteren, og det kaldaste som er målt i Sveits er -42ºC i dette området i januar 1987. Kaldt er det òg i Mitteland, som ligg mellom Jurafjella og Alpane. Dei fleste storbyane finn ein i dette området. Kaldluft frå Sibir støymer med den nordaustlege vinden kalla «bise» inn i dette lågareliggande områda, og ein kan ha bitande kulde i fleire veker i strekk, i tillegg til tåke og lett snø. I høgda, frå om lag 1000 m og oppover, er derimot ofte samtidig sol og mykje høgare temperaturar, gjerne 10ºC eller høgare. Mindre dalar i Alpane er verna frå bisevinden, og kan ha nokså tørre og milde forhold, men det kan bli kaldt om nettene. Av og til bles fønvinden nordover og gjev stigande temperaturar og svært tørre forhold. Den relative fukta kan bli lågare enn 10 % i slike tilfelle, men vindstyrken kan bli over 38 m/s i dalar som ligg i nord-sør retning. Vinden vert derimot ofte mykje svakare før den når ned til områda der folk bur. Episodar med fønvind er vanlegast om hausten og våren.
Som i andre fjellområde er sommaren høgtid for torevêr. Alpane og Jurafjella får torebyger omlag kvar ettermiddag. Ein har likevel rikeleg med sol innimellom bygene, og dei sentrale dalane i Alpane er ofte tørre.
[endre] Politikk
Sveits er nøytralt, men ikke pasifistisk: Landet har eit 500 000 mann sterkt forsvar om det skulle bli naudsynt; Den sveitsiske nasjonalmilitsen omfattar så godt som alle menn i landet mellom 20 og 40, som alle har ei rifle heime.
I 2. verdskrigen skaut det sveitsiske luftvernet ned både tyske og allierte krigsfly som var dristige nok til å fly over landet.
[endre] Kultur
Sveitsarar står bak fleire moderne oppfinningar, som rayon, cellofan, borrelåsen, lommekniven og mjølkesjokolade. Men trass i det kjende sitatet av Orson Welles i filmen Den tredje mann frå 1949, er ikkje gaukuret ei sveitsisk oppfinning – det er tysk.
Sveitsarane er det einaste folket i Europa som et hunde- og (iblant) kattekjøt.
[endre] Sjå òg
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |
European Free Trade Association (EFTA) | |
---|---|
Island | Liechtenstein | Noreg | Sveits |