Kristen Nygaard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristen Nygaard (27. august 1926 - 10. august, 2002) var ein norsk matematikar, programmerar og politikar. Han vart fødd og døydde i Oslo. Saman med Ole-Johan Dahl fann han opp objektorientert programmering (OOP) på 1960-talet. Denne forma for programmering har påverka seinare programmeringsspråk.
Nygaard tok Master-grad i matematikk på Universitetet i Oslo i 1956.
Nygaard var kanskje mest kjend utanfor IT-miljøet som EU-motstandar. Han var leiar for Nei til EU fram mot folkerøystinga om EU-medlemsskap i 1994.
[endre] På verdsveven
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |