Kristianiabohemen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristianiabohemen er ei nemning på ein krins med kunstnarar, kulturarbeidarar og forfattarar i Kristiania på slutten av 1800-talet. Desse vart kalla bohemar av di dei gjorde opprør mot tradisjonelle normer for moral og samfunnsliv. Leiaren for denne gruppa var forfattaren Hans Jæger (1854-1910) Saman med målaren Christian Krohg sette han opp ni "Bohêmbud". Oda Lasson var den kvinnelege leiarfiguren.
I ettertid har miljøet kring Kristianiabohemen inspirert fleire kunstnarar. Musikkverket Leve Patagonia av Ketil Bjørnstad tek utganspunkt i Kristianiabohemen sin draum om å starta på nytt i eit land langt vekke. Til dømes kunne dette vera Patagonia.
[endre] Lenkjer ut
[endre] Litteratur
- Halvor Fosli: Kristianiabohemen : byen, miljøet, menneska, Oslo 1994.