Kristofer Kristofersen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristofer Lorentz Hornemann Kristofersen (fødd 11. mars 1851 i Trondheim, død 11. september 1892 i Kristiania) var ein norsk forfattar og journalist. Han er nemnt i dei legendariske «Bohêmbuda». Minst éi av bøkene hans er omsett til finsk.
Noko av forfattarskapen er inspirert av skuletida i Molde, kor faren var lærar – som Paa Forpost, kor fleire røynlege personar opptrer under dekknamn. I periodar var Kristofersen redaktør av Romsdalsposten, Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten. Han budde ei tid på Rotvoll vestafor Molde sentrum.
[endre] Familie
Han var son av Anna Adler og kaptein Hans Emil Christophersen, «en avgått militæroffiser som forsøkte å føye et par kroner til inntekten sin» som klasselærar ved Molde latingymnasium og middelskole i åra 1858–73. Kristofer gjekk i same klasse som Olaus Fjørtoft og tok examen artium der i 1869.
Han gifta seg 26. august 1885 med Anna Katarina Rønneberg. Paret var vener med Bjørnstjerne Bjørnson.
[endre] Bøker
(utgjeve på Gyldendalske Boghandels Forlag i København der anna ikkje er nemnt)
- Paa Strand og Gade – forteljingar og skisser (Huseby, Kristiania 1885)
- Vaardise – roman (1886)
- Løvsprætt – roman (1887)
- Rydningsmænd – roman (1887)
- Verdens Herre – roman (1888)
- Pram. Billeder fra forrige Aarhundrede – roman (1889)
- Kjelbotten Sanatorium – roman (1890)
- Ravnekrok-billeder – samling (Alb. Cammermeyers forlag, Kristiania 1891)
- Paa Forpost. Billeder fra 70-Aarene – roman (1892)
[endre] Kjelder
- BIBSYS (NTNU): Kristofer Kristofersen
- Dokumentasjonsprosjektet, tekstsamlinga. Brev frå Bjørnstjerne Bjørnson til Bergliot Ibsen 8.5.1890
- Kjell Ove Nybø Hattrem: «Professor Jacob Tanner forteller fra si ungdomstid i Molde (i samtale med Per Amdam og Nils Parelius)» i Årsskrift (Romsdal Sogelag, Molde 1997)
- Nils Parelius: «Brev fra Molde i 1820–1830 årene fra Johan Wichberg og Knut Andreas Bjørset» i Årsskrift (Romsdal Sogelag, Molde 1980)