Kvamskogen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvamskogen ligg i Kvam herad. Har ikkje så mykje skog, - kan meir reknast som eit snøsikkert fjellområde med fleire skitrekk. Staden er eit hytteområde og skieldorado for folk i Hordaland. Dette er Bergens store utfartstad spesielt vinterstid. Lange skiløypar til mellom anna Tveitakvitingen 1299 meter over havet. Det gamle stølsområdet i Mødalen, populært kalla Negerlandsbyen, er likevel den staden skiturfolket invaderer.
Ved Fossen Bratte var det trefningar mellom tyske og norske styrker under den andre verdskrigen.
Riksveg 7 går over platået, men det er lansert planar om å leggje vegen i ein tunnell frå Neteland til Mørkhølen.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |