Låglandsskotsk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Låglandsskotsk (Scots eller Lallans) er eit språk som blir tala i Skottland og av ein liten minoritet i Ulster, dei fleste i Nord-Irland men òg i grenseområda i Republikken Irland. Språket blir kalla låglandsskotsk for å skilje det frå skotsk gælisk som blir tala i høglandet, men det blir også kalla berre skotsk og for Ulsterskotsk i Irland.
Språket stammar frå den northumbriske forma for mellomengelsk, som inngår i samlenamnet angliske språk. Det er sterkt påverka av gælisk, men også av nederlandsk og lågsaksisk gjennom handel og innvandring frå nederlanda.
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |