Nederlandsk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nederlandsk (nederlands) |
||
Klassifisering: | Indoeuropeisk Germansk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Nederland, Belgia, Surinam, Aruba, Dei nederlandske Antillane, Sør-Afrika, Indonesia | |
Område: | Nordlege Vest-Europa pluss tidlegare koloniar | |
Nederlandsktalande i alt: | 23 millionar | |
Rangering: | 48 | |
Skriftsystem: | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Aruba, Belgia, Nederland, Dei nederlandske Antillane, Surinam | |
Normert av: | Den nederlandske språkunionen [1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | nl | |
ISO 639-2: | dut/nld | |
SIL | DUT |
Nederlandsk er eit vest-germansk, nedertysk språk. Omtrent 21 millionar i verda snakkar dette språket. Varianten av nederlandsk tala i Belgia blir uformelt kalla flamsk. Det nederlandske namnet for språket er nederlands. På norsk blir også namnet hollandsk nytta, men sidan dette bare refererer til ein del av Nederland, blir det rekna som ukorrekt.
[endre] Klassifisering og beslekta språk
Nederlandsk er grammatisk på mange måtar liknande tysk, men er svært forskjellig i uttale. Ein som kjenner det eine språket, kan med noe trening forstå det andre brukeleg. Samanlikn til dømes:
- De kleinste kameleon is maar 2 cm groot, de grootste kan wel 80 cm worden. (nederlandsk)
- Das kleinste Chamäleon ist nur 2 cm groß, die größten können auch 80 cm erreichen. (tysk)
Noen mindre brukte ord og vendingar har nærare forbindingar til tysk:
- Der kleinste Chamäleon ist nur 2 cm groß, der größte kann wohl 80 cm werden. (mindre vanleg tysk)
(På norsk blir dette: «Den minste kameleonen er bare to cm stor, den største kan bli 80 cm».)
Men det er uttalen som gjer den største forskjellen mellom tysk og nederlandsk, på same måten som forskjellen mellom tysk og sveitsartysk (og andre tyske dialektar).
Typisk så opptrer dei største forskjellane mellom tysk og nederlandsk i korte, men viktige strukturar og daglege ord som følgjer:
Nederlandsk | Tysk | Omsetting med kommentar |
---|---|---|
maar | aber | men |
slechts | nur | bare |
misschien | vielleicht | moglegvis - misschien er tysk - mir schien = eg trur |
graag | gerne | gjerne |
gereed (flamsk) | fertig eller bereit | ferdig/budd - "bereit" svarar til ledda gereed men vanskeleg å skilje |
belangrijk | wichtig | viktig - men au på tysk: belangreich, som tyder det samme, men så og si aldri blir nytta |
Viss ein tyskar har lært eitt til to hundre av desse orda pluss noen reglar, vil den tysktalande skjønne nederlandsk skrift nokså bra. Men nederlandsk er ikkje pensum i tysk skole.
Noen plassar blir tysk og nederlandsk til og med snakka omtrent parallelt. Folk som kan nederlandsk, kan som oftast skjønne skriftleg tysk, og tysktalande (som kan engelsk) kan som oftast lesa nederlandsk.
Nederlandsk er eit nedertysk språk i den vestgermanske språkgruppa (sjå tabellen over). Det er difor i slekt med andre lågsaksiske og austnedertyske språk.
Nederlandsk er bortsett frå frisisk det språket som er nærast i slekt med engelsk.
[endre] På verdsveven
- Dutch 101 Dutch for beginners and travelers (in English)
- Språknytt: Om nederlandsk og slektningane
- Nederlandskkurs på Wikibooks
- Online Nederlands leren
- Nederlandsk språks historie
- Nederlandse Taalunie (Den nederlandske språkunionenen)
- Algemene Nederlandse Spraakkunst (Nederlandsk grammatikk på nederlandsk)
- Online Dutch Grammar Course (Nederlandsk grammatikk på engelsk)
- Nederlandskkurs
- Nederlandskkurs, 8 kapittel
- Ethnologue for Nederlandsk
- Euromosaic - Flemish in France - Statusen for flamsk i Frankrike
[endre] Ordbøker
- All Dutch free dictionaries
- Online Nederlands Woordenboek
- Majstro Multilingual Translation Dictionary
- Lookwayup English-Dutch-English dictionary
- Freedict English-Dutch-English dictionary
- Travlang Dutch-English dictionary
- Euroglot dictionary
- Van Dale (Dictionary -- in Dutch)
- http://www.notam02.no/~hcholm/altlang/ht/Dutch.html - The Alternative Dutch Dictionary
- Flemish - English Dictionary: from Webster's Online Dictionary - the Rosetta Edition.
- Dutch - English Dictionary: from Webster's Online Dictionary - the Rosetta Edition.
Germanske språk |
Austgermansk: gotisk | krimgotisk | vandalisk | burgundisk |
Nordgermansk: islandsk | færøysk | norn | norsk | dansk | svensk | rodi | romani |
Vestgermansk: tysk | jiddisch | plattysk | frisisk | nederlandsk | afrikaans | engelsk | skotsk | langobardisk |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |