Lars Oftedal (1838-1900)
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Oftedal (fødd 27. desember 1838 i Stavanger -2. mai 1900) var ein norsk prest og politikar. Han var stortingsrepresentant for Venstre frå 1882-85 og for Moderate Venstre frå 1888-91. Oftedal var viktig for bedehusrørsla. Han er òg kjend som grunnleggjar av avisa Stavanger Aftenblad.
[endre] Kontrovers
I 1887 vart Oftedal angripen av Kielland i romanen Sankt Hans Fest etter at Oftedal ikkje ville gje Kielland diktargasje. I 1889 kom og Knut Hamsun med eit aggressivt angrep på Oftedal i skriftet Lars Oftedal på oppdrag for Dagbladet. Dagbladet omtala i 2005 dette som "de mest omfattende offentlige angrep noen nordmann er blitt utsatt for i noen avis" i artikkelen "De nye oftedølene". Seinare har Alfred Hauge levert et forsvar for Lars Oftedal i skodespelet Morten Kruse.
[endre] Kjelde
- Berge Furre: Soga om Lars Oftedal, Oslo 1990 ISBN 8252134688
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |